Kva er Ludolia?

Ludolia er et helt nytt hyttefelt i Vang i Valdres der den typiske Vinjerockaren er målgruppe. Vårt mål? At spreke fjellfolk som Vinjerockarane skal bytte ut telt med funksjonelle hytter til ein knallpris: Rundt millionen for hytte og tomt – fiks ferdig og klar til bruk.

Men korleis ser hyttedraumen til Vinjerockaren ut? Det lurte vi òg på, og dermed lanserte vi i april ei konsept/designkonkurranse gjennom Vinjerock sine kanalar. Team Building og Team Fjellets Sønner tok heim sigeren, og jobbar i desse dagar med å utforme Ludolia, både hyttefeltet og bygningsmassen. Fokus ligg på opplevinga av å bu midt i naturen med utsikt, funksjonelle bygningar med valmoglegheiter, naturbaserte materiale og smarte løysingar.

Kvifor Ludolia?

Tanken om Ludolia oppstod under fjorårets Vinjerock. Grindafjell AS arrangerte «Ludobonanza» for Vinjerockarane, til stor entusiasme. Tankane spann og ein lys idè oppstod: Kva med å byggje eit hyttefelt spesielt tilpassa Vinjerockarane i Vang?

Vinjerockaren har fleire kjenneteikn. Gore-Tex er ein gjengangar, ull og dun, anorakkar og godt brukte fjellsko. Dei er sosiale, svoltne på naturopplevingar, nye menneske og utfordringar. Sporty. Typiske friluftsmenneske. Gjerne busett i bynære strøk, men med hjarta i fjellheimen. Vi trur at mange av dei drøymer ei eiga lita bu langt vekke frå kvardagens mas. Ein stad der dei kan berre vera og leva, med alt dei treng innan rekkevidde, men likevel langt nok unna til at ein kan velje sjølv. Vi ynskjer å gjera draumen til verkelegheit i Ludolia.

Kven står bak prosjekt Ludolia?

Bak prosjektet i Ludolia finner du den etablerte hytteutbyggjaren Grindafjell, Vinjerock samt Innovangsjon. Ein jobbar aktivt for å skape synergieffektar på tvers av aldersgrupper og næringsverksemd i Vang. Som eigar av hytte i Ludolia vil du garantert kunne dra nytte av vekst og utvikling i kommunen. Pakk med deg heimekontoret og kom til fjells!

Kva er planen vidare?

Ludolia som konsept vil bli synliggjort og presentert for publikum under årets Vinjerock. Her kan de bli kjent med gjengen bak (arkitektane som sjølv er Vinjerockarar), diskutere utforming og få ”smake” på framtidas hyttedraum i Vang.

Lurer du på noko eller vil vite meir om Ludolia? Kontakt oss!

Eivind Akervold tlf.906 81 595 e-post: ea@golhus.no
Ivar Hagerup tlf. 918 19 866 e-post: ivahage@online.no

Aktuelle nettsider

Medieoppslag om Ludolia

Klikk for stort bilde
Last ned folder
Last ned LudoLia-Quiz